hardangerbrua

NETTVERKSBYGGING – SAMLOKALISERING

Næringshagen i Hardanger skal gi grûnderar og målbedrifter kontorplass i eit samlokaliseringsmiljø. Her vil dei få tilbod om å arbeida ein eller fleire dagar i veka saman med andre. Det har vist seg at evne til overleving for nystarta bedrifter blir mykje større når ein kjem inn i eit kontorfellesskap. Her vil ein få tilgang til fellestenester som breidband, kopiering og møterom og elles prøva tankar og idear mot sparringpartnarar.

Slike miljø vil vi ha ved hovudkontoret i Øystese og i Norheimsund på Hardanger Brygge. Så har vi planar om liknande ordningar i Ulvik, Eidfjord og Jondal, men der har vi enno ikkje laga avtalar.

Nettverksbygging vil både medlems- og målbedrifter oppnå ved å delta på kurs og konferansar i regi av NIH. Desse skal arrangerast kring heile Hardanger, alt etter behov hos bedriftene.
 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848