hardangerbrua

Om Næringshagen i Hardanger

Næringshagen i Hardanger vart etter eitt år prøvetid godkjent og teken opp i Siva sitt næringshageprogram den 15. juni 2016. Det å vere ein del av næringshageprogrammet gjev årlege utviklingsressursar på kr. 1.200.000 per år. Støtta frå Siva går indirekte til vekstbedrifter, sokalla målbedrifter, som vert tekne opp etter visse krav i næringshagen. Dei får avtalt rabbaterte tenester som skal hjelper dei til å vekse og utvikle seg. Ei målbedrift må ha potensial og vilje til vekst og utvikling for næringshagen skal kunne hjelpe dei.

Næringshagen i Hardanger AS (NIH) er ein regional næringshage med hovudkontor i Øystese. Næringshagen dekker eit breitt spekter av næringar i regionen gjennom sine 28 målbedrifter og 9 medlemsbedrifter. Ut frå naturgjevne føresetnader og næringsstruktur vil Næringshagen ha eit spesielt fokus på frukt- og bærsektor, kortreist mat, service og reiseliv. Andre aktivitetar er kurs/kompetansetiltak, medlemsaktivitetar og utviklingsprosjekt.  Næringshagen ynskjer å ha ein aktiv roll bl.a. i organisasjons- og bygdeutvikling.

Gode møteplassar og nettverk er viktig for å dyrke samarbeidet som er heilt grunnleggande for å utvikle næringslivet på tvers av kommunegrenser og regionar. Næringshagen i Hardanger samarbeider tett med både næringshagen på Voss og i Odda. Vi er med Team Hardanger der næringsansvarlege i hardangerkommunane og leiinga for Hardangerrådet er med.  Vi har og eit fylkesdekkande innovasjonsnettverk, INUNET, der vi deler kompetanse og erfaringar frå heile Hordaland.


Aksjane er (juni 2017)  fordelt slik:
Siva                                                                100 aksjer à kr 1000
​Sparebanken Vest                                            100 aksjer à kr 1000
Kvam Næringsråd                                               55 aksjer à kr 1000
Kvam herad                                                        50 aksjer à kr 1000
Norske Landbrukstenester Hordaland                   50 aksjer à kr 1000
​Næringshagen i Hardanger                                   50 aksjer à kr 1000
Kjærtveit camping as                                           30 aksjer à kr 1000
​Eidfjord kommune                                                25 aksjer à kr 1000                                           
Vekstra Hardanger og Voss                                  15 aksjar  à kr 1000
​Granvin kommune                                                10 aksjer à kr 1000
Jondal kommune                                                  10 aksjer à kr 1000
​Ulvik herad                                                           10 aksjer à kr 1000
​Kvam Fruktlager as                                                 5 aksjer à kr 1000
Nøring                                                                    5 aksjar à kr 1000
​Øystese Næringslag                                                5 aksjer à kr 1000
Sum aksjekapital                                                             kr 520.000
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848