hardangerbrua

Kva er ein SIVA-næringshage?

Selskapet for industrivekst (SIVA) har ca 45 næringshagar spreidd i distrikts-Norge og saman med Fylkeskommunen, verkar desse som programoperatørar for innovasjon og utvikling av privat næringsliv.  Næringshagane er organisert som lokale aksjeselskap saman med SIVA, fylkeskommune og kommunar, der det offentlege skal ha minimum 34% eigarskap, men med private bedrifter som majoritet. Programperioden er 10 år, med evaluering etter 5 år. Samla offentleg støtte er minimun kr 900.000 årleg.  

Det vert sett fyljande krav til ein lokal næringshage -  her Næringshagen i Hardanger (NIH):
  • NIH skal bidra til økonomisk meirverdi for bedriftene som er tilknytt bedriftsmiljøet.
  • NIH  skal gje tilbod om samlokalisering i eit miljø med minst 5 bedrifter og minimum 10 personar og skal sansynlegjera vekstpotensialet på minimum det dobbelte frå oppstart.
  • NIH skal arbeida for kjønnsbalanse i NIH as og deltakande bedrifter i miljøet.
  • NIH skal ha ein tilstrekkeleg utviklingsressurs.
  • NIH  skal leggja til rette for at kunnskapsbedrifter utanfor  den fysiske samlokaliseringa kan vera deltakar i miljøet  gjennom gjensidig forpliktande avtalar.
  • NIH skal vera ein aktiv pådrivar til å komplettera det forretningsmessige  tenestetilbodet og kompetansetilbodet i regionen.
  • NIH skal etablera og vidareutvikla relevante verdiskapande nettverk.
  • NIH skal vera vekstmotivator og pådrivar for å kopla bedrifter mot relevante fagmiljø, vidaregåande skular, Fou-miljø m.m.
  • NIH skal ha berekraftig økonomi over tid. 

Heile programbeskrivelsen kan du lesa frå SIVA si nettside her.
 
Næringhagene i Norge er ein medlemsorganiasjon for lokale næringshagar. Heimesida deira og ein oversikt kvar næringshagane ligg finn du her.

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848