workshop 4 jpg

Workshop 4

- Å byggje ein prestasjonsretta, utviklande og innovativ bedriftskultur -
Til deg som dagleg leiar, styreleiar og styremedlem.
  
Workshopen handlar om det som kanskje er mest krevjande å endre på, men som truleg gjev størst gevinst av alt.
- Det å byggje ein prestasjonsretta, utviklande og innovativ bedriftskultur -
 
NiH har gjennomført StyreWorkshop 1, 2 og 3 med fokus på vekst og utvikling, me ynskjer no å fylgje opp med StyreWorkshop 4. Deltaking på kurset er høgst aktuelt sjølv om du ikkje har vore med tidlegare.
  
Stad:Sjøtunet Rykkje, Øystese.
Tid: torsdag 25. april, kl. 9.00 – 16.00
Pris: medlemmer 2900,- ikkje medlemmer 3900,-.
       20% rabatt deltakar nr. 2 og 40% rabatt på deltakar nr. 3 frå same bedrift.
       Inklusiv matservering.

Påmelding: Marita Gjerde, nih@hardangerhagen.no,  snarast.
  
Tema i samlinga:      
a)       Det prestasjonsretta, utviklande og innovative eigarskapet, styret, leiinga og medarbeidarar
b)      Fellesnemnaren for eigarar, styre og leiing – og oss alle
a.       Kjenn deg sjølv som person – korleis?
b.       Kjenn deg sjølv som fagperson – korleis?
c.       Korleis me kommuniserer
d.       Korleis me tek avgjersle og samhandlar
c)       Styring kontra leiing og coaching – når gjer me kva?
d)      Ein metode for styre-evaluering
e)      Ein modell for organisasjonslæring og utvikling
  
Me er alle forskjellige, og dess større mangfald og forskjell mellom personar – dess større potensiale for gode prestasjonar. Men dess meir forskjellige me er, dess større potensiale for konflikt, og desto viktigare er det at me praktiserer gode spelereglar for kommunikasjon, og at me har ein god metode for avgjersle og problemløysing. Desse to «verktøya» får du med deg i siste Workshop, og mykje meir. V. Jensen
  
Prosessleiar er styreleiar Victor Jensen frå StyreAkademiet, i samarbeid med dagleg leiar Sigmund Vereide og forretningsutviklar Kjersti Bjørke
ved Næringshagen i Hardanger.