svar sp%c3%b8rjeundes%c3%b8king2

SVAR på spørjeundersøking + Nyheitsbrev

Viktige tilbakemeldingar for vidare arbeid
Krisa som har oppstått som fylgje av Koronaviruset påverkar oss alle, med ei særskild utfordring for leiarar og bedriftseigarar. Ingen har vore klar eller budd på situasjonen me no er komen i. Handsaming av konsekvensane for eige verksemd kan vera særs krevjande når kvardagen og nær framtid ber preg av uoversiktleg terreng og usikkerheit. Avgjersler som ein tek no, kan gje dramatiske følgjer både for bedrifta og enkeltindivid, for mange står mykje på spel.
Trygg og spissa informasjon er det ein søkjer når spørsmåla hopar seg opp, t.d.:
 
  • Kva gjer eg når dagleg drift vert avbrote?
  • Kva gjer eg når mange av dei tilsette ikkje kan arbeida elle må ha tilpassa arbeid heimanfrå?
  • Korleis sikra at partnarar, kundar og medarbeidarar får spesifikt og rett merksemd?
  • Korleis handsama økonomien: kva pakkar gjeld oss, kvar får vi rettleiing og hjelp?
  • Korleis arbeida fram ein strategi eller kriseplan, kortsiktig og langsiktig? Kva må omstillast?
  • Kva stønad kan verksemda eventuelt søkja?

Svar på undersøkinga
Kvam herad og Eidfjord kommune har ei felles undersøking til næringslivet i samarbeid med Næringshagen i Hardanger. Dei som responderte har avdekka kva som er mest utfordrande, kva er moglegheitene framover og kva kan vi saman søke om for felles kompetanseheving eller bistand på kort og lang sikt.
 
Utval frå resultata: 85 verksemder frå dei fleste bransjar har svara. Det er i hovudsak privat næringsliv med noko overvekt av reiseliv, særskild frå Eidfjord. Breidda er frå små til mellomstore verksemder. Dei viktigaste samla tilbakemeldingane er:
 
  • 95% av verksemdene forventar stort omsetningsfall, med krise for sesongverksemder. Over 50% fryktar konkurs om krisa varer lenge. 40% har utfordringar med å betala faste kostnadar og 66% forventar permitteringar innan 1.mai
  • Nokre av innspela til kommunane: rådgjeving for strategi og omstilling, kostnadskutt og kvar ein kan søkje stønad, likviditetslån/stønad til dei som ikkje er kvalifisert til statlege pakkar, igangsetting av aktivitetar og infrastrukturprosjekt, handla lokalt, marknadsføringspakkar mm
  • For dei fleste er det utfordrande å sjå kva normalisering av situasjonen vil endra eller føre med seg, mogeleg opptur og meir digitalisering. Behova for hjelp er stor, særskild å ha ein diskusjonspartnar, strategi på kort og lang sikt, informasjon på tvers og søknadsskriving
  • Det er komne gode innspel om fellesprosjekt mm til kommunane og med fokus på samhandling og positivitet - sjå spørsmål 19 og 20
Her er linkar til svar på spørjeundersøking:

Begge kommunar          
 
Kvam                                  
 
Eidfjord                              
 
 
Førstehjelp: Kva kan me i Næringshagen i Hardanger hjelpa med?
Alvoret pregar alle aktivitetar i dei fleste bransjar. Vårt fokus no er å få tiltak på plass for å støtta, styrka og redda flest mogleg verksemder. Situasjonen krev at alle næringar og verksemder tenkjer nøye gjennom kva det betyr for tilsette og for eige bedrift på kort-, mellom- og lang sikt. Me er som nemnd ikkje budd på utfordringane som no stiller særskilde krav til leiar, leiargrupper og styre. For mange kan det vera avgjerande at dei kjem på banen snarast med tiltak både på kort og lang sikt, gjerne med stønad frå Næringshagen i Hardanger som regional rettleiar og samtalepartnar med t.d.:
 
  1. Sortera situasjonen å få overblikk
  2. Likviditet og økonomi (me har tre økonomar):hjelp til sortering og oversikt, gjennomgang, scenario og å sjå løysingar
  3. Strategi eller omstilling: justering av året (for årets sesong) og eventuelt mot nye kundegrupper, nye framtidsvisjonar
  4. Produktportefølje og kundegrupper – må dei justerast dei neste åra?
  5. Marknadsføring for nye tider
  6. Utarbeide og eventuelt forhandla/reforhandla kontraktar
  7. Søknadar og oversikt til stønadar og hjelpepakkar, kva gjeld for mi verksemd
 
NB! Bestill møte snarast - me møter digitalt eller 1:1 etter påske. For bedrifter som ikkje har målbedriftsavtale leverer me 1 time gratis rettleiing! (Meir fri rettleiing om naudsynt kjem truleg på plass etter avtale med våre samarbeidspartar)
 
Kontakt:
Sigmund@hardangerhagen.no  Mob: 900 70 848 
Kjersti@hardangerhagen.no      Mob: 413 39 579
Frode@hardangerhagen.no       Mob: 994 19 578
 
Tiltakspakkar!
Staten vil gje kontantstøtte for næringslivet for tap av omsetning/dekking av faste kostnader i mars, april og mai. Dette kan ein søkja om frå 17. april.
 
Eidfjord kommune tilbyd sine verksemder ein pakke med rådgjeving med NiH; sjå kommunal nettside.
 
Kvam herad kjem med ein pakke (når den er klar), med rådgjeving med NiH; sjå kommunal nettside.
 
Næringshagen i Hardanger legg og opp til å gjennomføre nok eit gründerkurs til hausten, samt eit kurs om «Økonomi for ikkje-økonomar» i juni og Digital marknadsføring (NB! Send e-post om kva kurs du kan vera interessert i),
 
Linkar til annan informasjon
Informasjon kjem fortløpande frå stat, fylkeskommune, kommunar mm og fleir opplever at det er krevjande å få oversikt. Her er eit utval:
 
Statlege og kommunale retningsliner:
  • Folkehelseinstituttet har satt opp ei temaside med alt av informasjon om viruset
  • Regjeringen legg ut oppdateringar om tiltak og informasjon
  • Kommunar har eigne sider med informasjon om handsaming av koronasituasjonen evt med tiltak og tilbod til næringslivet

 Informasjon til arbeidsgivar om tiltak, permittering og sjukefråvær (oppdaterast kontinuerleg):
  • Arbeidstilsynet med informasjon om tiltak for arbeidslivet.
  • Nav har samleside med informasjon til både arbeidstakar og arbeidsgivar.
  • NHO - råd til arbeidsgjevar frå NHOs advokatar og nyhende relatert til korona-virus
  • Virke - Korleis handsame situasjonar som oppstår knytt til koronaviruset?

Nyttige lenker:
  • Innovasjon Norge krisetiltak
  • PwC - Har du juridiske spørsmål som følge av situasjonen med koronaviruset?
  • Harris - Koronaviruset - en gyldig grunn til ikke å betale husleie?
  • BDO - 10 spørsmål og svar om force majeure
19.03: Politiet - INFORMASJONSBEHOV
 
Andre gode tips, råd og tiltak: