ordsky nih

Stilling som forretningsutviklar

Næringshagen har fått nye oppdrag og treng fleire dyktige folk.
Arbeidsoppgåvene vert å styre omstillingsprosjekt, vere pådrivar for å etablere nye bedrifter og hjelpe eksisterande bedrifter til vekst. Vi søkjer etter deg som ynskjer å arbeide mellom 50 og 100%.
Det er ei føremon om du i tillegg har kjennskap til regionalt og lokalt næringsliv sine utfordringar og potensial i Hardanger.

Me ser etter deg som:
· Har praksis med prosjektleiing/ forretningsutvikling for privat næringsliv
· Har høgare utdanning, minimum bachelor, innan økonomi, jus og/eller prosjektleiing
· Jobbar sjølvstendig
· Er analytisk og har evne til å setja deg inn i strategiske utfordringar
· Har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
· Er serviceinnstilt og god på relasjonsbygging
· Er personleg eigna for stillinga

Me tilbyr:
· Stor fridom i eigen arbeidskvardag, og stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver
· Personlege utviklingsmoglegheiter i ein krevjande og interessant jobb
· Kontorstad i eit spennande utviklingsmiljø i Øystese
· Lønn etter avtale, tiltreding så snart som mogleg

Om arbeidsgjevar
Næringshagen i Hardanger AS sitt mål er å binde saman Hardanger til ein region med vekst og utvikling av nye og eksisterande verksemder. Næringshagen vart etablert i 2015, og legg til rette for gode møteplassar, kurs og kompetanseheving for næringslivet. Oppfølging av målbedriftene i næringshageprogrammet for å skape vekst er sentralt. Næringshagen ufører også oppdrag med prosjektleiing.

Bransje: Konsulent og rådgjeving
Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Spørsmål om stillinga kan rettast til
dagleg leiar Sigmund Vereide tlf: 900 70 848.
Søknad og CV kan sendast til nih@hardangerhagen.no 
Søknadsfrist 31.01.2020

Næringshagen i Hardanger
Sjusetevegen 27
5610 Øystese