fagseminar voss red7

Gratis fagseminar -Nytt tiltak for å unngå konkurs-

Nettmøte som arrangerast av Næringshagen i Hardanger, Næringshagen i Odda og Næringshagen på Voss
Webinar: Tirsdag 9. juni 2020 kl. 09:00–10:30
 
Påmeldingslink: https://no.surveymonkey.com/r/LVS5XGJ
Du får ei innkalling i Teams før webinaret.
Du kan òg stille spørsmål på førehand i påmeldingslink

Har di verksemd økonomiske utfordringar som fylgje av Covid-19?
Fryktar du konkurs?
Eit nytt tiltak kan hjelpe deg.

Det er eit mål for norske myndigheiter at verksemder som elles er sunne og levedyktige ikkje går konkurs som fylgje av likviditetsutfordringar.

Stortinget har difor vedteke ei ny mellombels lov om rekonstruksjon av verksemder som har økonomiske utfordringar (Rekonstruksjonsloven).Lova trådte i kraft 11.05.2020.

Den nye lova er meint å sikre at verksemder, som har eller vil få store økonomiske problem, på eit tidlig tidspunkt kan be om bistand til å finne gode løysingar. Gjennom ein «rekonstruksjon» av verksemda kan ein sikre vidare drift slik at verksemda unngår konkurs og arbeidsplassar kan reddast.

For Næringshagane på Voss, i Hardanger og Odda det viktig at våre medlemmer får best mogleg informasjon og bistand til å takle konsekvensane av Covid-19.

Me ynskjer å være i forkant.

Me inviterer difor til webinar kor dykk vil få ein grundig gjennomgang av moglegheitene som den nye lova kan gje, og kva utfordringar som kan oppstå ved gjennomføring av ein rekonstruksjon.

Tema som mellom anna vert teken opp er:

• Kva er rekonstruksjon?
• Kva skil rekonstruksjon frå reglane om gjeldsforhandling?
• Kven kan be om ein rekonstruksjon?
• Kva skal til for å få opna rekonstruksjonsforhandlingar?
• Kva ein rekonstruksjonsplan kan gå ut på?
• Styring og myndigheit i rekonstruksjonsperioden?
• Korleis sikre drifta undervegs?
• Kreditorane si rolle og kva rettar har kreditorane under ein rekonstruksjon.
• Gjennomføringa av rekonstruksjonen

Målgruppe for seminaret er verksemder som har eller meiner dei vil få større økonomiske utfordringar som fylgje av Covid-19. Kurset er òg svært aktuelt for bankar og kreditorar (typisk leverandørar) som er på «kreditorsida» av en rekonstruksjon.

Foredragshaldarar vil vere advokat /partner Sturla Vik-Vestly og advokat Tonje Tvilde i Advokatfirmaet Responsa AS.