Hardangerbrua

Kontantstøtteordning

Kontantstøtteordning

 
Fredag 17. April er det planlagt at portalen for å søkja kontantstøtte skal opne.
For å vera klar til dei opnar, er det viktig at ein startar med arbeidet om å samla informasjon allereie no.

Me tilrår alle å få oversikt over rekneskapen for 2019 pr månad, og det same for 2020 til og med mars.

Førebuingar som kan gjerast allereie no:
Klargjera samanlikning av kvalifiserande omsetning for mars 2019 og 2020, herunder vurdera om omsetninga er korrekt presentert og periodisert rekneskapsmessig
Ta stilling til kva som er uunngåelege faste kostnader for mars 2020, herunder kontrollera at kostnadene er korrekt presentert og periodisert rekneskapsmessig.

Spørsmål ein må stilla seg:

Har bedrifta mi vorte pålagt å stengja ned av staten?
Pålagt stengt ned av staten
Ikkje eigenandel
Justeringsfaktor, får dekt inntil 90% av uungåelege faste kostnader pr månad.

Ikkje pålagt stengt ned (med omsetningssvikt på 20% for mars)
Eigenandel på 10.000,-
Justeringsfaktor, får dekt inntil 80% av uungåelege faste kostnader pr månad.

Kor mykje kontantstøtte kan eg få?
Nytt formlane for å sjå om ein kjem over 5000,- som er minste støttebeløp
Pålagt stengt ned av staten:
Reduksjon i omsetning(%) x uunngåelege faste kostnader x justeringsfaktor på 90%.
Ikkje pålagt stengt ned :
Reduksjon i omsetning(%) x (uunngåelege faste kostnader – eigenandel på 10 000 kroner) x justeringsfaktor på 80%.

Last ned Excel kalkulator for å rekna kor mykje kontantstøtte ein kan få.
Kalkulator – Pålagt stengt Last ned
Kalkulator- Omsetningssvikt Last ned

Merk:
Søknadsportal planlagt opna 17. april.
Minste støttebeløp må vera over 5000,- for utbetaling.
Ein søkjer for ein månad om gongen.
Digital søknadsprosess gjennom Altinn.

Digitalisert søknadsprosess
Kompensasjonsordninga blir forvalta av Skatteetaten og søknadsprosessen vil i stor grad vera digital. Bedriftene rapporterer sjølv inn omsetning for månaden det blir søkt for, omsetning i same månad året før og uunngåelege faste kostnader. Den digitale tenesta vil ha eit innebygd kontrollsystem for å verifisera søkar og beløpet det blir søkt om, opp mot ulike registerdata. Dersom alle kriteria er oppfylte, vil det fattast eit raskt vedtak i systemet og utbetalinga vil skje automatisk. Det vil òg vera ei ordning med manuell behandling for søknader som ikkje kan behandlast automatisk

Kvalitetssikring og etterkontroll
I tillegg til automatiske kontroll og kryss-sjekking i sjølve søknadsprosessen vil det blir utført kontrollar i ettertid for å avdekka eventuell juks og svindel. Søkaren må kunna dokumentera tala på eit seinare tidspunkt, og ha stadfesting frå rekneskapsførar eller revisor på at dei oppgitte beløpa er riktige.

Bedrifter som er pålagt å stenga av staten:
For bedrifter som er pålagt å stenga av staten er det gitt særlege reglar som følgje av at desse bedriftene opplever total omsetningssvikt som følgje av påbodet. Dette gjeld følgjande bedrifter:
Fysioterapeutar, herunder manuellterapeutar
Kiropraktorar
Optikar
Fotterapeutar
Logopedar
Psykologar
Verksemder som utfører komplementær og alternativ medisin
Verksemder som utfører alternativ behandling
Treningssenter, symjehallar, badeland og liknande
Virksomheter som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknande
Alle verksemder i serveringsbransjen utan servering av mat, som utestader og barar.

Følgjande postar i næringsoppgåva er definert som dei uunngåelege kostnadene:
Kompensasjonsordninga gjeld for såkalla uunngåelege faste kostnader. Dette er kostnader som spring sjølv om verksemda opplever omsetningssvikt, f.eks husleiekostnader. 
Som uunngåelege kostnader blir rekna kostnader som bedriftene sjølv ikkje kan reduserast på kort sikt i takt med aktivitetsnivået. Kostnadene må kunna dokumenterast med kontrakt, avtala o.l. inngått før 1. mars.
Slik ein kan forstår det, medfører det mellom anna at det berre blir gitt kompensasjon for redusert husleige, og ikkje for husleiga som normalt ville bli betalt.
Departementet vil i forskrift gi nærare avgjerder om kva som vil reknast som uunngåelege faste kostnader.

Postar i næringsoppgåva link

Ta kontakt med oss om du treng hjelp til å førebu deg.
 
Webminar om kontantstøtte med dømer frå KPMG:
Informasjon om kontantstøtte frå NHO: