Hardangerbrua

KORONA-hjelp

Informasjon i samband med koronaviruset


Me er i full drift frå heimekontor og har tilpassa våre tenester til situasjonen for å sørgja for eit videre godt næringsliv i regionen.

Våre tenester i forbindelse med situasjonen: 

– Virtuell møteplass. Du kan nå oss på Microsoft Teams eller Skype for digitale samtaler 1-1 eller fellesmøte. Så snart det er tilrådd vil me prøva å få sett opp fysiske møter ved behov.

– Nyheitsbrev: Me vil samla og sende ut hyppige tilpassa nyheitsbrev til situasjonen for å bidra med navigasjonshjelp i denne usikre tida. 

– Dialog mot offentlege aktørar: Me er i dialog med kommune, fylkeskommune og andre tiltaksapparat om korleis me best kan handtera situasjonen frå eit næringslivsperspektiv, kom gjerne med innspel direkte til oss. 

– Korleis påverkar situasjonen di bedrift? Fyll ut spørjeundersøkinga me har laga i samarbeid med Kvam og Eidfjord: 
Til spørjeundersøkinga.

– Direkte bistand til alle målbedrifter: Me vil ta raskt kontakt med alle for å kartleggja videre behov og korleis me kan hjelpa.
Sjå hjelpeside til Kontantstøtte.

– Alle våre fysiske arrangement, møteplassar og kurs er utsett, men dette blir viktig når situasjonen normaliserer seg att. Kom gjerne med innspel på nye behov som har meldt seg.
 
Me vil oppfordre alle til å stå saman i dette, unngå smittespreiing og visa omsorg og rausheit.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har behov. Me er her.