bilde

Velkomen til Fråspark for Hardangersmak

Velkomen til fråspark for framtidsretta samhandling: «Hardangersmak» (tidlegare Hardangermeny) · Møte: tors. 20.april kl 18-21 på Hardangerfjord Hotell i Øystese · Påmelding: kjersti@hardangerhagen.no
Etablerte produsentar opplever at det stillast strengare krav frå omgjevnaden om å arbeida smartare i forhold til sal, infrastruktur og marknadsføring for små- og mellomstore produsentar av lokalmat og -drykk. Nye produsentar opplever vanskar med å koma inn/eller nå ut til kundar i ein veksande lokalmatsektor.
Målsetninga er difor at små og mellomstore produsentar av lokalmat og -drykk av alle slag frå heile Hardangerregionen samlar seg mot felles infrastruktur og marknadsføring. Den skal betre kvardagen for produsentar og kundar, i tillegg til å kunna nå ut til kundar i ein større marknad. Dagleg leiar frå www.Gudbrandsdalsmat.no kjem og fortel korleis nær 50 produsentar i Gudbrandsdalen har lykkast med dette.

Fordelar: Billegare enn å gjere dette sjølv og mykje tid fristillast. Produsentane får meir tid til utvikling og vekst. Medlemmane eig og styrer sjølv, etter samvirkeprinsippet, eit felles sals-, lager og distribusjonsapparat som driv kommunikasjon og marknadsføringa for produsentane. Det skal gje samhald i eit større nettverk- og kompetansemiljø for produsentane. Administrative tenester (merking o.a.) kan og ivaretakast. Kundane skal få kostnadseffektivitet gjennom god service og forenkla kvardag, med oversikt og tilgang til eit bredt spekter av produkt. «Hardangersmak» skal by på tilgjengeleg kontakt for ein ordre, ei leveranse og ein faktura for mange produkt.
 
Mål med møtet
Motivera for å etablere eit felles selskap: «Hardangersmak SA»
Vedtak om start av prosjektet v/forretningsutviklar Kjersti Bjørke, frå Næringshagen i Hardanger
Klargjera for teikning og plan for fleire arbeidsmøte, før oppstart til hausten 
Agenda
18.00 Introduksjon
18.20 Presentasjon frå Gudbrandsdalsmat v/ dagleg leiar, Anette Svastuen
19.30 Pause og mange gode lokale smakar med kaffi
20.00 Gjennomgang av framdrift av prosjektet, forventningsavklaringar og overordna tankar frå forslaget til forretningsplan. Utdeling av utkast til forretningsplan for «Hardangersmak».
21.00 Avslutning
 
Pris kr 75,- pp
Påmelding:  Innan 12.april til Kjersti Bjørke på E-post: kjersti@hardangerhagen.no
 
Kjersti Bjørke
Forretningsutviklar Næringshagen i Hardanger
Tlf. nr. 41 33 95 79
 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848