styreworkshop apr18 3

Styreworkshop

Dagskurs for dagleg leiar, styreleiar og styremedlemer
Stad:         Sjøtunet, Rykkje, Øystese
Tid:            tysdag 28. august 2018, kl 09.00 – 16.00.
Pris:           medlemmer 2900,- ikkje medlemmer 3900,-
                  25% rabatt på deltakar nr. 2 og nr. 3 frå same bedrift.
​                  Inklusiv matservering.

Påmelding snarast til  nih@hardangerhagen.no 
Dersom du lurer på noko ta gjerne kontakt med underteikna.

Styring for vekst og utvikling

Workshopen dreier seg i hovudsak om leiing, strategiarbeid og styret sin funksjon som det øvste leiande organ.
 
Det er andre gongen me gjennomfører dette kurset, og for begge gruppene
er det moglegheit for oppfølgingskurs 17. oktober, Styre-workshop 2.
 
Jacob Sandven og Arne Aalvik var blant deltakarane sist, her er positive tilbakemeldingar frå dei:
 
Jacob; «Eg var på styrekurs for mange år sidan og kurset Styre-Workshop gav god oppfrisking av tidlegare kunnskap. Victor Jensen var flink og formidle stoffet»
 
 Arne; « Samlinga påverka meg positivt, det utfordrar meg til å verte betre, og gjev ein peikepinn på kvar du er i kvardagen. Prosessleiar Victor Jensen inspirerte med sin gode kunnskap om emnet»
 
Prosessleiar er styreleiar Victor Jensen frå StyreAkademiet, i samarbeid med dagleg leiar Sigmund Vereide og forretningsutviklar Kjersti Bjørke ved Næringshagen i Hardanger.

Me i Næringshagen har som mål og bidra til best mogleg næringsutvikling i regionen generelt.
Saman med StyreAkademiet i Hordaland meiner me å ha funne fram til eit opplegg som verkeleg kan gje resultat. Eit program der me både høyrer om, lærer å anvende, og får på plass det aller viktigaste for å sikre vekst og utvikling.

Marita Gjerde
Kompetanseutviklar
Mob: 91 81 74 40
 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848