kjersti-bj%c3%b8rke

Ny forretningsutviklar er tilsett

«Eg ser fram til gode stunder og spanande utfordringar, saman med drivande Hardingar!», seier den nytilsette forretningsutviklaren Kjersti Bjørke (52) i Næringshagen i Hardanger.
 
Ho er utdanna økonom, og i desse dagar leverer ho masteroppgåva i "Innovasjon og endringsledelse” ved NTNU. Oppgåva har fokus på endringsberedskap og transformasjonsleiing.
Noverande arbeidsplass for Kjersti er IT-avdelinga ved UiB, som har 120 årsverk. Stillinga ho kjem frå er Administrasjonssjef, som er ein del av leiargruppa. Tidlegare har Kjersti arbeidd som seniorrådgjevar i små og store verksemder på Vestlandet. Fagfelta har vore og er framleis innan strategiutvikling. Kjersti har utdanning og mykje erfaring i styrekompetanse, og har hatt mange profesjonelle styreverv opp gjennom åra. 
 
Ho er oppvaksen i ein grunderfamilie på gard, og har arbeidd og gått på skule ved Gartnarskulen i Ulvik. Garden vart seinare ombygd til hotell og golfbane. Der har ho vore seks år i leiinga, for å profesjonalisera drifta frå grunderverksemd.
 
Kjersti Bjørke er frå Os, men har sterke røter i Øystese, og du finn ho ofte i fjella eller ved hytta i Fitjadalen eller i Strandebarm. «Som person har eg mykje energi. Eg tek gjerne oppgåver på hælen, men set pris på å ha tid til å analysera situasjonar og løysingar” avsluttar den nytilsette forretningsutviklaren i Næringshagen i Hardanger.
 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848