sigmund p%c3%a5 oksen

Ny dagleg leiar er på plass

Sigmund Vereide tok til i stillinga 4. januar og tek over etter medlertidig dagleg leiar Torleiv Ljones. Vereide har god tru på arbeidet med etablering av Næringshagen i Hardanger. Vi har tida fram til sommaren for å gjere jobben mot næringslivet. Spesifikt er det arbeidet saman med utvalgde målbedrifter som vi vert målt på, seier Sigmund Vereide. Eg trur at vi skal bli tatt opp i næringshageprogrammet og dermed få årleg økonomisk støtte frå både Siva og Hordaland fylkeskommune som skal gå til arbeidet med målbedriftene.
Det er gjort eit god arbeid så langt av styre og konstituert dagleg leiar Torleif Ljones. Eg er audmjuk når eg no tek over stafettpinnen etter Torleif som saman med andre eldsjeler har lagt grunnlaget for den regionale næringshagen. Torleif ynskjer eg og ha med vidare på laget og har bedt han om å vere ei god "støttekontakt" og dele sitt store nettverk med oss vidare, seier Vereide.

I alt 28 medlemsbedrifter frå Hardanger, der 18 av desse er valgt ut som målbedrifter, utgjer grunnstammen av det næringslivet som har støtta og dermed er grunnlaget for Næringshagen i Hardanger. For å bli ei målbedrift er det krav om samarbeidsavtale og at bedrifta har eit vekstpotensiale som dei ynskjer å utvikle saman med næringshagen. Det er dette arbeidet som utgjer næringshageprogrammet som vert følgt opp av Siva.

Siva har vore ein god støttespelar og legg godt til rette for at næringshagane får tilgang til både kompetanse og eit nasjonalt nettverk som også innheld kunnskaps- og forskingsparkar. Dessutan har vi eit sterkt og viktig nettverk i dei andre 50 næringshagane rundt i landet som har organisert seg for å bli gode på kunnskapsdeling og som eit talerør utad mot samfunnet. Siva er veldig gode på å dele nettverk og kompetanse, og arbeidet for å få til ein god samarbeidskultur har høgt fokus, seier Vereide.

​Vereide har bakgrunn frå både det frå det offentlege og det private næringsliv. Han er utdanna geograf på Universitetet i Bergen og har siste 15 åra arbeidd med næringsutvikling og då med spesielt fokus på knoppskyting av nye bedrifter og hjelp til gründerar. Lokalmat-satsing saman med frukt- og bær har vore sentralt i dette arbeidet. Han er og leiar av Matfestivalen i Sogn og Fjordane som er den største matfestivalen mellom Trondheim og Bergen. Dette må vere ei god erfaring som er nyttig å ha no når næringshagen inviterer til samarbeid med bedrifter innan lokalmat- og reiselivsatsing i Hardanger.

​Vereide og næringshagen har base på Fruktlageret i Øystese, Sjusetevegen 27. Her er eit godt miljø for å tenke utvikling og eit fint sosialt fellesskap. Vi har alt fått etablert ein møteplass/kontor på Hardanger Brygge og arbeider med å få liknande møteplassar i Jondal, Eidfjord og Ulvik. Skal vi få til eit regionalt samarbeid med næringslivet må vi og syte for å ha ein infrastruktur som bygger opp om dette, seier Vereide og avsluttar med å invitere bedrifter og andre gode støttespelarar om å stikke innom kontoret for ein næringsprat.

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848