1

Kurs i PROSJEKTLEIING

Næringshagen i Hardanger arrangerer saman med BI 2 dagars kurs i Prosjektleiing
Kurset tar for seg:
  • Grunnleggjande prosjektforståing
  • Prosjektplanlegging
  • Leiing og styring av prosjekt
  • Økonomistyring i prosjekt
         Sjå vedlegg for meir informasjon
 
Førelesar Tore Aalberg har vore
prosjektleiar for ei rekkje prosjekt,
og arbeider som rådgjevar for
oppbygging av prosjektleiingssystem
og med prosjektstøtte. Han underviser
i prosjektleiing ved Handelshøgskulen BI
og andre høgskular.
  
Stad: Thon hotel Sandven, Norheimsund
Tid: Tysdag 26. og onsdag 27. mars 2019

 
Pris inklusiv lunsj og kaffi/frukt:
Medlemsbedrifter 9800,-
Andre 12800,-
Påmelding innan 29. januar.
Viktig å melde seg på snarast.
Me må ha 10 – 12 deltakarar for å gjennomføre kurset. Det må avklarast i løpet av januar pga. avtalen med BI.

Marita Gjerde, Mob: 91 81 74 40, nih@hardangerhagen.no 
 
Meld deg på i dag, ei god investering i di framtid!
----------------------------------------------------------------------------------------------------------
NIH gjennomførte same kurset i november 2017, med særs gode tilbakemeldingar. Kursleiar Tore Aalberg frå BI engasjerte med stor fagleg kunnskap om emnet.
Fleire prosjektleiarar i regional næring og tilsette i frå kommunar deltok.
 
Tilbakemelding frå tidlegare kursdeltakar.
-Litt uvanleg å gje så god karakter, men dette var eit kjempebra kurs! Veldig flink kurshaldar, det var ikkje kjedeleg eit sekund! Det er ein kunst å
halde kurs, det er ikkje nok å vere fagleg flink. Det er ikkje alle som får det til, men dette var veldig, veldig bra! -

 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848