medarbeidarsamtale

Kurs i Medarbeidarsamtale

Leiar, mellomleiar, ny leiar, personalansvarleg, HMS ansvarleg
Om det ikkje høver for deg som leiar, tenk på øvrige personale.

Tid: Tysdag 28. november kl. 8.30 – 12.30
Stad: Sjøtunet, Øystese
Pris: 1900,- medlems/målbedrifter.
​        2400,- Ikkje medlem 
        Inklusiv lunsj/kaffi

Program
  • Innhald og teori om medarbeidarsamtalen som leiarverktøy.
  • Kommunikasjon og samtaleteknikk.
  • Praktiske øvingar, verktøy og teknikkar.
Kurshaldar: Kjersti Bjørke, Forretningsutviklar i Næringshagen i Hardanger.

Påmelding: Snarast til
Marita Gjerde
e-post: nih@hardangerhagen.no
Mob: 91 81 74 40

Kurs i Medarbeidarsamtale
Medarbeidaren er den viktigaste ressursen for kvar bedrift. Som leiar har du effekt på arbeidsgleda, trivsel, lojalitet og sjukefråver. Medarbeidarane si oppleving av kvardagen skal balanserast med deira leveranse til bedrifta. Ofte har dei eit skjult potensiale som kan gje meirverdi til verksemda. Medarbeidarsamtalar er derfor eit viktig ledd i utviklinga og samarbeid for å bli betre kjend, skape forståing av roller og ansvar. Denne samtala kan og vere bevisstgjering til utvikling av eigen leiarrolle.
Ein utviklingssamtale skal legga ein overordna plan for medarbeidaren, der ein avklarar forventingar som ramme. Samstundes legg ein gode føringar og rammer for kvardagssamtalane til resten av året. Det er eit viktig grunnlag for kontinuerleg forbetring for både medarbeidar, leiar og bedrifta dersom denne nyttast på ein god måte.
Det kan det vera krevjande å prioritera samtalar i ein travel kvardag for leiar og medarbeidar, særskild om begge partar opplever at det er lite nytte. Med trening, verktøy og meirkunnskap om emnet, kan medarbeidarsamtalar vera til stor nytte for både utvikling  av bedrift og medarbeidar i tillegg til betra trivsel, involvering og leveransar.

Tema som er aktuelle:
·        Leiarens rolle og ansvar
 
·        Medarbeidarsamtalar
o   Nytteverdi eller halvhjarta skippertak?
o   Tilnærming og verktøy
o   Individuell tilpassing
o   Rolleforståing og ansvarleggjering
o   Makt og balanse i samspel (nyttig kartlegging eller kvardagsterapeaut)
  • Systematisk oppfølging og sikra gjennomføringskraft av mål 
  • Samanheng strategi, resultat og medarbeidars forståing
·        Den vanskelege samtalen
·        Åtferd og konsekvensar
·        Kommunikasjon
·        Frå medarbeidar til leiar: handsaming av tidlegare kollegaer
 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848