norskkurs nor-u603 0

Har di bedrift arbeidsinnvandrarar som har behov for kurs i norsk?

Næringshagen i Hardanger ynskjer å kartlegge om bedrifter med tilsette arbeidsinnvandrarar, ynskjer kveldskurs i grunnleggjande norskopplæring
Næringshagen vil samarbeide med Vaksenopplæringa i Kvam, og dei vil ha ansvar for gjennomføringa av kurset ved sine lokale i Norheimsund.
I følgje regelverket må  personar som er frå EFTA/EØS  betale for opplæringa sjølv, eller du som arbeidsgjevar dekkar utgiftene.
 
Alternativ 1:
Kurset går på kveldstid, 2,5 t ein kveld i veka i 10 veker.
 
Prisen er kr. 2800,-  (Betaling for undervisning, materiell og årslisens til nettbasert undervisningsprogram).
 
Dersom det vert nok påmelde kan kurset starte etter påske.
 
Alternativ 2:
Nettbasert kurs i grunnleggjande språktrening. Her jobbar kursdeltakarane meir sjølvstendig og brukar den tida dei treng. Deltakarane gjer oppgåver på nettet og møtest ein kveld i veka for språktrening gjennom samtale.
Kr 1000 pr månad.
Dersom det vert nok påmelde kan kurset starte i august/september.
 
Fint om du kan gje ein tilbakemelding snarast til underteikna.
 
Marita Gjerde
Kompetanseutviklar
nih@hardangerhagen.no 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848
Følg oss
 

 
Kontakt oss
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
Tlf:     900 70 848